Fleire unge uføre i Hordaland

0
103

Talet på uføre i Hordaland i 2014 utgjorde 7,8 prosent av befolkninga¹. Dette gjer Hordaland til eit av fylka i Noreg med færrast uføre. Berre Rogaland, Oslo og Akershus hadde færre uføre i 2014.

 

Fleire unge uføre

Det er i aldersgruppene 18-19 år og 20-29 år at den prosentvise auka er størst. I den yngste gruppa er det ein stor del som blir uføre grunna psykisk utviklingshemming, medfødde sjukdommar og kromosomavvik, medan personane i gruppa frå 20-29 år oftare blir uføre grunna alvorlige psykiske lidingar. I denne gruppa er det en auke på 119 personar samanlikna med 2013.

 

– Vi skulle helst sett at det ble færre unge uføre, ikkje fleire. Utviklinga uroar meg. NAV har ein viktig rolle for å auke innsatsen for å få denne gruppa i tiltak, og vidare over i jobb, seier fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes.

 

Sjølv om talet på uføre har auka totalt sett, har det gått ned med 297 personar i gruppa 60-67 år.

 

Noko av forklaringa på dette kan vere innføringa av pensjonsreforma i 2011, som har ført til fleksibelt uttak av alderspensjon i alderen 62 til 75 år.

 

– Mange eldre tar ut alderspensjon tidlegare enn før. Det kan også sjå ut som om fleire uføre veljar å regulere arbeidsevna med pensjonen, seier Bogsnes.

 

Spent på uførereforma

Frå 1.1.2015 ble uførereforma innført. Dei nye reglane skal gjere det enklare for uføre å jobbe samstundes som dei beheld uføregraden.

 

– Det er for tidleg å sei kva dette vil bety for talet på uføre, men vi håpar det vil gi ein positiv effekt. Det vil gjere det enklare for kvar enkelt å arbeide etter evne, seier Bogsnes.

 

I tida framover vil NAV Hordaland ha eit større fokus på å følgje opp sjukmelde. Fylkesdirektøren håpar også dette vil påverke statistikken positivt.

 

– Vi veit at vegen til uføre går gjennom sjukemeldingar og AAP. Ved å jobbe målretta for å følgje opp sjukemelde håpar eg at vi vil sjå færre uføre framover, seier Bogsnes.

 

På landsbasis auka talet på uføre med 6000 samanlikna med desember 2013. Auka i 2014 skyldast først og fremst at mange personar fikk innvilga uførepensjon etter å ha gått ut maksperioden med arbeidsavklaringspenger (AAP).

 

 

¹ Med «befolkninga» meiner vi dei i arbeidsfør alder mellom 18 og 67 år.

SHARE
Helseinfo er en informasjonskanal. Vi formidler helsenyheter, helseblogg om kosthold og trening, pressemeldinger og annen helseinformasjon. Vi skriver om helse i Norge og formidler også helsesaker fra utlandet.