Flere blir tvangsinnlagt

0
480
tvangsinnlagt

 

Rapport: Bruk av tvang i psykisk helsevern for voksne i 2014

Talet på tvangsinnleggingar har auka med fire prosent samanlikna med 2013. Frå 2010 har tala gått noko ned, om vi ser det opp mot talet på innbyggjarar.

Psykisk helsehjelp skal som hovudregel alltid vere frivillig. Dei aller fleste som treng psykisk helsehjelp ber om dette sjølv og tek i mot hjelp frivillig.

– Det er vanskeleg å seie kva som er det «riktige» nivået når det gjeld tvang. Nokre gongar er tvang naudsynt for å redde liv, men det må alltid skje så omsynsfullt som mogleg. Vi må heile tida jobbe for betre kvalitet og meir frivillig behandling i psykisk helsevern, seier Gitte Huus, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

Rapporten «Bruk av tvang i psykisk helsevern for voksne i 2014» viser vidare:

Mindre bruk av farmakologiske og mekaniske tvangsmiddel og meir bruk av skjerming.

For innleggingar der tvungent psykisk helsevern blei nytta, slutta tvangen innan 7 dagar for 1 av 4, medan for 6 prosent varte tvangen meir enn 6 månader.

Det er store geografiske skilnader i omfang og lengde på tvangsinnleggingar i dei ulike helseregionane, det er òg skilnader mellom helseføretak i same region.

Fleire klager

Pasientar som ikkje får medhald i klagen sin på tvungent psykisk helsevern hos kontrollkommisjonen, kan bringe saka inn for domstolen. Rapporten inneheld for fyrste gong ein gjennomgang av saker om tvungent psykisk helsevern som er handsama av domstolane. I 2014 blei det tatt ut 240 søksmål i saker om tvungent psykisk helsevern.

Det ble avsagt dom i 108 av disse sakene, der 10 prosent fikk medhald i klagen sin.

Det har dei siste åra vore ei auke både i klager på tvangsbehandling, og i klager og søksmål knytt til tvungent vern.

– Dette kan tyde på at fleire kjenner og bruker sine rettar, noko som er bra i eit pasientrettsperspektiv, seier Gitte Huus.

Jobbar med å betre datakvaliteten

Alle behandlingsstader i det psykiske helsevernet har plikt til å rapportere til Norsk Pasientregister (NPR). God rapportering er viktig for å fylgje utviklinga i bruk av tvang. Sjølv om datakvaliteten har blitt betre dei seinare åra, er tala framleis ikkje sikre nok. Dette gir oss mindre høve til å gjere analysar på området.

Eit nytt rapporteringsformat knytt til elektronisk pasientjournal er under utvikling i NRP. Denne måten å registrere på vil gi betre datakvalitet, ved at all informasjon om tvang kan bli registrert éin stad og for fleire område.

 

SHARE
Helseinfo er en informasjonskanal. Vi formidler helsenyheter, helseblogg om kosthold og trening, pressemeldinger og annen helseinformasjon. Vi skriver om helse i Norge og formidler også helsesaker fra utlandet.