Frisklivssentralen – god helseteneste

0
625
Frisklivssentralen

 

Dette er ein av konklusjonane i ein rapport der formålet var å dokumentere korleis frisklivssentralane fungerer i kommunane. Statisk sentralbyrå (SSB) har utarbeida rapporten for Helsedirektoratet: «Frisklivssentralar i kommunane. Kartlegging og analyse av førebyggande og helsefremjande arbeid og tilbod» (ssb.no).

Effektivt virkemiddel for kommunane

No har nesten 60 prosent av kommunane tilbod om frisklivssentralar.  Kvar sentral har  0,9 årsverk, og i  2013 var det 16 000 deltakarar i alt.

– Frisklivssentralane er et eit effektivt virkemiddel for kommunane i folkehelsearbeidet. Dei kostar lite å drifte og ein får att mykje helsekroner for innsatsen. Kommunane  har gjort ein imponerande innsats. Frå 2011 til 2014 vart det dobbelt så mange frisklivssentralar.  Vi ser at det også er ein stor auke i gjennomsnittleg årsverk, seier Henriette Øien, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

– Det er eit tankekors at dei kommunane som ikkje har frisklivssentral har større utfordringar med sosial ulikskap og fleire uføre. Mange av dei som bruker frisklivssentralane går frå å vere inaktive til å bli fysisk aktive, dei sluttar å røyke og får hjelp til meistre søvnplager og lette depresjonar, avsluttar ho.

Økonomi er ei utfordring

I rapporten vert det også peikt på sårbarheita ved at det i snitt er så få tilsette. Stabil økonomi er også ei utfordring, særleg når etableringstilskota tek slutt. Dersom ein person sluttar kan det fort vere kroken på døra for tilbodet i ein kommune. Frisklivssentralen er ein grunnstein i folkehelsearbeidet i kommunane, og dei fungerer i stor grad etter målsettinga. Rapporten syner at det er viktig å forankre frisklivsarbeidet  politisk og administrativt i kommunale planar. Å ha god kontakt med fastlegane gjev også suksess, då det er dei som tilviser flest brukarar.

251 frisklivssentralar

Frisklivsarbeid er eit satsingsområde i det nasjonale folkehelsearbeidet.  No har 251 kommunar frisklivstenester, og stadig fleire kjem til. Frisklivssentralar er ei helseteneste. Dei  tilbyr hjelp til å endre levevanar, førebygge og meistre sjukdom og helseplagar, både med gruppetilbod og individuell rettleiing. Basistilbodet er å få støtte til å bli meir fysisk aktiv, få eit sunnare kosthold og slutte å snuse eller røyke. Nokre sentralar har også tilbod om hjelp til mestring av depresjon og belastningar, søvnvanskar og risikofylt alkoholbruk.

Deltakarane ved frisklivssentralane får oppfølging 12 veker om gongen, oppfølginga blir starta og avslutta med ein helsesamtale. Helsesamtalen er basert på motiverande intervju, som er ein evidensbasert samtalemetode. Vaksne og eldre er den viktigaste målgruppa, men mange har også tilbod til barn og unge med familiar.

 

SHARE
Helseinfo er en informasjonskanal. Vi formidler helsenyheter, helseblogg om kosthold og trening, pressemeldinger og annen helseinformasjon. Vi skriver om helse i Norge og formidler også helsesaker fra utlandet.